Eg svelgar glasbrot
Etter speglet
Eg finn bitar av speglet
som ein gong viste meg kven eg var
Eg svelgar glasbrot
til munnen min gløymer
korleis det var å smile
til halsen min lærer
språket til knust glas
Eg svelgar alt
alt eg mista
alt eg aldri fekk
alt eg trudde eg måtte vere
Eg svelgar bileta
eg svelgar namna
eg svelgar alle versjonane
av den eg kunne vore
Eg svelgar speglet
bit for bit
sprekk for sprekk
heilt til ingenting står att
Ingen refleksjon
ingen svar
ingen eg å finne igjen
Berre brot
berre arr
berre restane
av noko som ein gong var meg
Eg riv speglet ut av meg sjølv
og byggjer noko nytt
ikkje eit bilete
ikkje ein refleksjon
men eit ansikt
som ikkje treng ein spegel
for å vite at det finst